Billetter

Originaltittel: Resan til fjäderkungens rike. Regi: Esben Toft Jacobsen. Sverige, 2014. Norsk tale, uteksta. Aldersgrense: 7 år. Format: DCP. 1t 18min.

Den første animasjonsfilmen på nynorsk!

Den vesle kaninen Johan bur saman med far sin på ein båt, noko som er uvanleg for kaninar. Dei bur der fordi faren er redd for Fjørkongen, som har teke mor til Johan. Ein dag når faren er på land, høyrer Johan ei viktig melding på radioen. Det blir starten på eit stort eventyr.

Dette er ein moderne fabel som er vakker, rørande og spennande. Filmen er både lys og mørk og tek opp store tema som liv og død på ein nydeleg måte. Den svensk-danske filmen er fantastisk dubba, og det er den første animasjonsfilmen der absolutt all tale er på nynorsk. Dagsavisen skreiv at filmen var «en ettertenksom, melankolsk drømmereise som ser ut til å ha dratt inspirasjon fra Astrid Lindgren, Studio Ghibli og H.P. Lovecraft». Det er med andre ord ein film for både store og små.

Relaterte filmer